Details of Today's Outfit







Lille Julafta

Åh, eg gledar meg som ein liten unge til i morgon! Og sjølv om alle pakkane ser veldig fristande ut gledar eg meg faktisk aller mest til maten. Julemat må vere det beste som fins - skulle ønske vi åt det litt oftere enn ein gang i året. Men det er vel derfor det er så godt også, haha. I kveld skal eg ete pizza med familien og sjå "kvelden før kvelden", og så skal alle julepakkane under treet, men før det skal eg berre kose meg med litt god musikk og julegodis ! Off - eg må virkelig slutte å ete, føler det er det einaste eg gjer hehe

åh, denne sangen gir meg såå god julestemning! Kva får du julestemning av? 




 

Julestemning











Da er rommet mitt rydda og vaska og pynta og det er så godt og vere ferdig med det! No er det berre fire pakkar som skal pakkast inn og så er alt klart. Tenk at det er vetle julafta i morgon? Tida har gått såå fort og eg gledar meg til å legge pakkane under juletreet i morgon! Ein av mange tradisjonar vi har her heime

Har du nokon familie-tradisjonar?  

There's something about christmas time



 Er ganske godt med ferie no, og eg har tidenes beste julestemning! Er så glad for det - var ganske redd for at det kom til å bli som i fjor. Da hadde eg nemleg null julestemning og halve jula blir jo øydelagt på grunn av det! Men i år er den her og det hjalp sjølvsagt enda meir å pynte juletre. No skal eg snart pakke inn nokon julepresangar og så er vel det meste i boks. Så no kan den store dagen berre komme

Juleshopping på Freequent

Var innom Freequent ein tur i dag og dei har fått inn så mykje nytt og fint! Både eg og mamma prøvde nokon av kjolane på for å vise dykk nokon av dei! Dei har mange fine plagg som er litt anleis på Freequent - ein topp plass å kjøpe julepresangar, der finner du masse forskjellig. I morgon er det søndags-åpent på Sogningen fra 14:00 til 18:00 og da har dei 30% på alle kjolar, 30% på alle herrebukser, i tilegg til at det er 30% og 50% på utvalgte varer! Er du ikkje heilt ferdig med julehandelen enda, så finner du garantert noko fint her :-) 










Synest denne kjolen var såå fin, elskar skinn-detaljane ! 




Denne rosa genseren og tightsen eg har på meg vart med meg heim til min garderobe i dag - skal vise betre bilde i morgon! Og denne blazeren håper eg virkelig eg får til jul! Har alltid hatt lyst på ein litt anleis blazer, fordi det er fort at slike blir veldig like med alle andre sine - og stjerne-detaljen på denne + at den er litt "skinnande" synest eg er såå fint! Kjære julenisse ♥♥




Fine Unni som også jobbar på Freequent - ho har på seg ein kjempefin jakke som dei no har-30% på! Supert julegavetips :-D 




Dei har også fått inn masse nytt på herreavdelingen - her er kjempemasse tøft om du leitar etter noko fint til typen, pappa, bror eller kompis! 

 

Julekaos

Jammen er det mykje som skjer rett før jul! Og slik er det kvart einaste år. Av og til skulle eg ønske at førjulstida var den minst stressande tida som var, slik at vi alle kunne kost oss litt og slappa av.. menmen! På mandag skal vi jo ha elevforestilling i kulturhuset og der er det ogå mykje som skal gjerast! Eg oppfordrar alle til å komme, det blir ein kjempefin forestilling! Her er ein liten teaser som Kamilla har vore så flink og laga til forestillingen vår! Check it out; 

Time to dress up




Åh, Nelly har såå mykje fint og desse tre herligheitane er på veg heim til meg no! I jula skal ein jo pynte og ordne seg litt ekstra og desse tre kjolane synest eg var såå fine! Den i gull kjem eg definitivt til å bruke på nyttårsafta, den i svart på julafta kanskje og den raude er kjempesøt til å bruke i familieselskap, på veninnekos eller andre festligheitar! Gledar meg sånn til jul, og denne desemberen har eg faktisk eindel julestemning også - deilig følelse ♥

Smil da vel

Du veit når du har ein sånn periode der du er lei, sliten og føler deg heilt jævli? Ingenting du gjer er bra og alt blir berre feil. Kvar dag har du berre lyst til å sove, og deppe over at du har det jævli - det er vel det ein kallar ein "periode" og det er vel ein slik eg har no. Det har sikkert noko med å gjere at det er såå masse som skjer før jul at eg ikkje får tid til å stoppe opp litt og puste ut, haha. Snart er det elevforestilling, det er mykje som skal gjerast på skulen før jul og så er det jo juleinnkjøp som må gjerast også! Jaja, no sitter eg iallefall å redigerer ein sminkevideo som eg heilt har glømt av, får sjå korleis det går no da 

 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits