Julegavetips

Tenk at no er det berre 24 dagar til jul! Det er heilt sjukt kor fort dette året har gått og eg gledar meg veldig til det nye året som kjem, da er det så mykje som skal skje! Tenkte iallefall å komme med fire julegavetips til veninner, og alle desse er noko iallefall eg alltid blir glad for å få i julegave!

Sminkeveskene fra Lulus er såå fine og det er vel ikkje berre eg som alltid lengtar etter å ha ei fin og passelig stor sminkeveske? Da er denne varianten perfekt synest eg.

Eg er veldig glad i å gå med huer og spesielt på vinteren blir håret såå elektrisk og ekkelt, og kva er vel bedre enn å skjule ein bad-hair-day med ei søt hue? Huer er iallefall noko eg aldri kjøper sjølv, veit ikkje kvifor men derfor er det kjempekjekt å få i julegave!

Når kulden virkelit setter In er det deilig å ha eit stort og tjukt skjerf å gøyme seg vekk i og er alltid kjekt å få i gave!

Eg har aldri likt negler, det synest eg er ein ekkel ting så derfor prøver eg så ofte eg kan å pynte dei med neglelakk! Dette er jo noko som kan vere koseleg å putle med i jula medan ein ser på julemorgon og eg har høyrt at desse fra CIATE er kjempegode og dei har såå mange fine fargar - topp julegavetips! 

Kva ønsker du deg til jul?  

Travel kvardag


I dag var ein ganske grei dag på skulen og om ikkje lenge skal eg på trening. For tida er kvardagen min sååå travel at eg ikkje veit når eg skal gjere ting, menmen. Har gått til innkjøp av nokon godbiter i det siste, så det skal eg vise snart! Blant anna denne gensaren som eg har på meg i dag fra H&M, og skjorta som eg har under er fra BikBok og den har såå fine små perle-detaljar på kragen, skal vise bedre seinare :-) 

Ha ein fin mandagskveld fininger! 

Julekveld med danseglade barn og ungdommar !

Sett av 17. desember i kalendaren alle sammen for då er det nemleg klart for juleforestilling med alle dei danseglade barna og ungdommane i Kulturhuset! :-) Er du slik som meg og sliter med å halde julestemningen på topp når det nermar seg den store kvelden så er dette ein perfekt anledning til å halde den oppe på! Du kjem til å få sjå nissar, alvar, englar og reinsdyr og mykje meir. Vi i Inspire gleder oss til å pynte og gjere kulturhuset klart for ein julekveld, og vi håper på å sjå deg i publikum! 

Det skal vere to forestillingar. Ein klokka 18:00 og ein klokka 20:00, så om du ikkje har tid tidlig på kvelden så er det ingen fare! Prisane er 80,- for voksne, og 50,- for barn til og med 12 år. Bilettar får du kjøpt i døra :-)


See you there! :-)

Heisann



I dag har eg ikkje vore i form så da holdt eg meg rett og slett heime frå skulen. Det vil sei at eg ikkje har gjort stort anna enn å ete ein fantastisk frukost, og sett på tv heile dagen. Måtte likvel dra meg opp fra sofaen og dyna for å sminke meg, for om ikkje så altfor lenge reiser eg til Sogndal for å ha photoshoot med Inspire! Gleder meg, og satser på nokon fine resultat :-) Kanskje deler eg nokon av bildene her på bloggen om dei blir bra

klem i fleng !

Update

Heihei alle sammen! 

Hatt ei bra helg? det har eg. Hurra! I kveld skal eg legge meg tidlig .. og i kveld skal eg faktisk gjere det og! Haha, eg er vel ikkje den einaste som seier til meg sjølv kvar kveld at eg skal legge meg tidlig men så blir det aldri slik? Eg gleder meg iallefall til denne veka som kjem! Eg veit ikkje koffor, skal ha to prøver og greier - men det som er så bra er at prøvene er i morgon og på tirsdag, så da er eg ferdig med det resten av veka. Og det er deilig. I tillegg betyr det mykje tid til blogg, wohoo! Hater å ha prøver på fredager... det er berre urettferdig 


Slenger med eit bilde fra instagram siden eg ikkje har tatt nokon i det siste. Eg heiter saandrahs, så det er berre å følge meg om du vil!
Ha ein fin søndagskveld videre, eg må stupe inn i tysk-bøkene! Wish me luck :-)  

Følg meg her!

Det kan hende det er litt sånn opp og ned blogging, og det er eg virkelig lei meg for.. men med all den skulen og alt anna som skal skje på ein hektisk kvardag så er det ikkje så altfor mykje tid som er til overs. Likvel prøver eg å komme med innlegg så ofte eg kan, og eg vil berre sei tusen takk til alle som leser bloggen min og som legger igjen kommentar! Det setter eg utrulig stor pris på ♥ Men, for å gjere det enklare for deg som lesar så har eg jo laga meg ei "fan-siden" på facebook, så om du liker sida mi der så kan du lettare følge med på når eg kjem med nye innlegg og kva som skjer på bloggen! 

 
Klikk her eller på bildet for å komma til sida ! 

Freequent

heisann!

Var innom Freequent i dag etter skulen for å sjå om dei hadde fått inn noko nytt og fint og det hadde dei! Dei har fått inn så mange fine kjolar og under her kan du sjå nokon av mine favoriitter! I tillegg til det har dei så mykje forskjellige gensarar og cardigans og jakkar og alt du treng i ein garderobe, egentlig. Derfor er det så kjekt å gå inn der, for du kan alltids finne noko du har brukt for. Sjølv fant eg meg eit kjempefint skjerf og ei litt tjukk strømpebukse som eg kan bruke under shorts eller skjørt no når det er litt kaldare ute, perfekt! Ikkje minst har dei Hunter støvler til 699, og det er jo heilt latterlig billig!
På herreavdelingen var det også komt inn ein del nytt og dei hadde spesielt mange fine jakkar og skjorter. Og i morgon har dei åpent ein time ekstra altså til klokka 21:00, då får du 30% på alle kjolar og herreskjorter og 50% om du er medlem i kundeklubben til Sogningen! Det meiner eg er eit super tilbud, og kanskje tek eg meg turen for å skaffe meg ein av dei fine kjolane dei har fått inn, for alle er vel enige at det kan vere lurt å invistere i ein julekjole litt tidleg, viss ikkje blir jo alt utsolgt


















Om du har lyst på fleire oppdateringar frå Freequent i Sogndal kan du like denne sida >HER<. 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits