Fotball

No har eg nettopp komme heim frå min aller siste fotballtrening på veldig lenge, mest sannsynleg. Imorgon skal vi spele vår siste kamp denne sesongen. Det er litt trist.. Samtidig som det er utruleg deilig å tenkje på at eg kan ha all fokus på dans. Fotball er ein utruleg morsom måte å trena på, det er kjekt, og ein får tilbringe tid med vennene sine i tilleg til å trene og spele. Etter denne sesongen er det nok slutt på fotball for meg. I alle fall inntil viare, eg trur eg er meir ein dansar ein ein fotballspelar.. Hehe =)

Ønsk oss lykke til i morgon! Satsar på seier i vår siste kamp :)

♥ Love, S

Fleire bilder fra photoshooten


(det var ikkje snø der, men eg redigerte det og da såg det ut som det var det)


♥ Love, S

Igår..

Hei alle ! :)

Igår var eg og søstra mi ute og hadde ein liten 'photoshoot' saman med kattane våres Sissur og Sissi. Eigentleg skulle me berre ut fordi eg skulle ta outfit-bilder, men så blei det eit par hundre bilder ekstra. Haha..

Outifit 25-september-2010


Kvit singlett - Cubus
College jakke - Gina Tricot
Bukse & sko - Tyrkia

Bilder fra photoshooten:



Lovar å leggje ut fleire bilder. Men no orkar eg ikkje  å sitje på daran meir! Natta :)

♥ Love, S

 

 











 

 

Spagaat..

Heisann Hoppsann ! = D

No har eg vert på trening. Fysøren for eit pissvèr. Regnet pøsa ned der me sprang og prøvde å ta ballen som var så glatt at det nesten var umogleg å sentre han. det byrjar å bli skikkeleg haust ute! Det er kaldt og det regnar nesten heile tida. Snart blir det på med boblejakka <3

No har eg nettopp sett X-factor, og eg som er så følsom av meg synest så synd på dei som nesten får kjeft av Karlsen fordi dei ikkje kan synge. Hey, me syng med den stemma me har.. Er det ikkje det det heiter? ikkje ver så slem, Karlsen .. !

Overskrifta har ikkje so mykje med det eg skreiv om no å gjere, men eg sit no her på golvet og tøyger. Har bestemt meg for å tøyge kvar dag! Og måle mitt e å komme ut i begge spagatane =)

Eg saknar våren!

♥ Love, S

 

Tankar

Tanker er noko alle har. God tanker, onde tanker, glade tanker, såre tanker, fine tanker, Stygge tanker, morsomme tanker, rare tanker, romantiske tanker, fjerne tanker. Tanker i alle slags former.

Av og til så tenker vi kanskje noko vi ikkje har lyst til. Det berre blir slik. Av og til gjer du sjølv slik at du får dei tankane du får. Og av og til er det andre som får deg til å tenke.

Å tenke er etter min meining ein god ting. Å tenke er ein måte eg brukar på å få litt ro i meg sjølv, og berre tenke på kva som har skjedd og kva som skal skje. På den måten finn eg ut løysningar på ting, og forskjellige moglegheitar.

Men av og til kan tenking vere negativt og. Du tenkjer kanskje for mykje på ein person du savnar? Og du blir lei deg og trist. Kanskje tenker du for mykje på at du gleder deg til ein ferie, og du blir så etusiastisk og glad at du forventar litt for mykje. Du blir kanskje skuffa for at det ikkje hadde blitt slik du hadde tenkt.

Begge dei døma eg gidde no, har hendt meg. Og det er ikkje noko kjekt. Så tenking kan vere både positivt og negativt!

Mangen snakkar og seier mykje dumt før dei tenker igjennom kva dei faktisk sa no. Det kjem kanskje ut feil og dei sårar personar. Dette skjer veldig ofte! Så tenk deg godt om før du seier noko, så blir der ikkje misforståelsar = )

♥ Love, S

Hey <3

Eg trur eg har ganske lite å gjere idag.. For dette er mitt tredje innlegg eg postar no. Og dette er det einaste eg klarar å finne på å gjere:

 


♥ Love, S

Min favorittsang for øyeblikke..

.. Justin Bieber - Down To Earth..

♥ Love, S

Inspiration

Heisann! =)

Har sett på litt bilder no. Og eg må sei eg har fått ein del inspirasjon til korleis det nye rommet mitt skal sjå ut. Ja, for eg ska få meg nytt og større rom!!

Tenkte og vise nokre bilder som eg har sett på, og som har gitt meg litt inspirasjon =)

Stiligt og tidlaust!

Søtt, men litt kjedli?

Tøft, men litt grått.

Koslig og fargerikt..

Moderne .. Litt for gult?

Fint til å dekorere litt!

Gammeldags, rått

Likte du noke av inspirasjonen min?

♥ Love, S

Pictures

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tornado. Tyrkia/Alanya 1. september 2010

Foto: Sandra

 

♥ Love, S

 

God morgen !

Heisann! =)

No reiser eg snart på skulen .. Men ville nett slenge inn eit innleg først og sei god morgon. I dag skal vi ha nasjonale prøvar i lesing. Og kantina opnar!!! Eg er dagleg ledar i kantina, og gledar meg til å starta med salget.

Ha ein finfin dag!

♥ Love, S

Tom

Ein ting eg undrar meg meg over er når du aldri har høyrt om nåke.. Så plutseleg er det nokon som fortel deg, eller viser deg noko.. Og etterpå så skjer det mykje som inneheld akkurat det som du nettopp har fått vite.

Som da vi skulle kjøpe oss ny bil. Vi bur på ein ganske så liten plass, og eg hadde aldri sett ein slik bil før. Eg syntes han såg heilt fin ut og var litt kult at vi skulle ha ein bil som ingen andre på Kaupanger hadde!!
Etter berre nokre dagar, då me hadde fått bilen såg eg tre-fire samme bilar køyra rundt omkring. På senteret, i amla... Alle plassar.

Eller vist det er ein sang, du har aldri høyrt han før eller høyrt om han .. Og så kjem du nett over han på internett eller noko liknande. Så nokre dagar etterpå så er det den sangen ALLE høyrer på.

Er det ikkje merkeleg?

Eller vist du drøymer noko. Du drøymer for eksempel at du føler deg skikkelig aleine ein dag. Og at du ikkje klarar å snakke med nokon. Du drøymer at du ikkje føler deg god nok til noko ting, og at alt du gjer blir feil.
Dagen etter så går nesten drøymen i oppfylling. Du føler deg tom, og alt du gjer blir feil. Du vil snakke med folk og vere glad, men du klarar ikkje .. Du er berre stille.. Og det føles ut som du er i drøymen din.

Slike drøymar har eg av og til. Og sånt skjer med meg, at det føles ekte dagen etter. Eg synst det er merkeleg. Eg synst me mennesker er merkelege. Kvifor er det sånn? Kven er det som gjer slik at det blir sånn? Det finst mange spørsmål vi aldri kjem til å få svar på, men ein kan jo undre.. ?


Av og til føler eg meg tom innvendig.

♥ Love, S

Hello again!

Heisann! =) 
Hadde ikkje tenkt å fortsette å blogge.. But i've changed my mind! 

I det siste har det ikkje skjedd så mykje. Bortsett fra at forrige veke var eg i Tyrkia!! Jaa, eg og familien min + familien til Conni reiste til Tyrkia for å daffe i ei veke. Det var ein fantastisk tur! Eg storkoste meg, og spesielt fordi eg fekk vere med verdens beste ♥ Conni.

Me handla masse. Og eg kjøpte meg masse nye klede som eg skal bruke no til hausten., Gode store gensarar og dongeribukse , osv , osv =)
Me hadde det kjempekjekt på hotellet. Det var ei shit'kul sklie der, me reiste på massage, og me var på photoshoot på stranda. Me var òg på diskotek der me dansa som berre det og storkoste oss! Eg, Renate og Jeanette tok til og med motet til oss til å synge karaoke der me sang 'Everything I Do I Do It For You' av Bryan Adams. Alt i alt så var det ein vellykka tur, og eg gledar meg sooo mykje til me skal ned igjen til Alanya neste sommar. Og sjølvsagt til eg skal reise til Tyrkia/Side med jentami Andrea ♥ i høstferien. 

♥ Heile Gjengen ♥

Meg og Conni ♥

My familyy ♥

Meg og Jeanette, søstaaa ♥

Meg ♥





















You're a friend and your good. I can trust you, like I should. Love u? yes. Hate u? no. You're the best from top to toe♥

Takk for ein herleg tur med herlege folk♥ Eg savnar alle eg kjenner og blei kjent med (?) i Alanya! Gledar meg til å sjå alle igjen nesteår ! ;*



Ellers er me konfirmantar dette året. Og i dag og i går hadde me samling i kørkja .. ( Y ) 
I går lagde me oss 'Krisus'krans' og me lagde navnesteinar, og me snakka ein del. Me fekk og skrive ned og dele tunge tankar med .. ? veit ikkje. Men i alle fall la me dei oppi ein kurv og dei skulle Gud høyra. Det var faktisk godt å få skriva ned alt og få det ifra seg. Det hjalp, faktisk .. Sjølv om du aldri ville ha trudd det. Seinare skal eg på kamp. Og kanskje kjem eg med eit nytt innlegg i kveld. Så me bloggast! 

♥ Love, S
Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits