Min språkreise - del 1

Hei! 

No er det veldig lenge sia eg har blogga, det er eg klar over. Men det har vore godt med ein bloggpause! Sidan sist har eg vore på språkreise til Malta, og eg har begynt på vgs! Tenkte å fortelje litt om språkreisen min og dele litt bilder fra turen her no, eg har i allefall fått eit minne for livet!♥ Del 2 der eg forteller om utfluktene og aktivitetane kjem seinare! 

Då eg skulle reise var eg veldig nervøs sia eg reiste aleine, men allerede på flyplassen var me allerede sammensveisa og eg gledde meg så utruleg til å reise! Det som møtte oss når vi kom til Malta var ikkje så veldig bra, noko som gjorde førsteintrykkeg veldig dårleg. Vi kom til eit skittent, gammelt og slitt hotel med enda verre rom. Det var så mykje støv på vifta at ein kunne sjå støvskya i rommet når vi skrudde den på, og det lukta ikkje noko særleg godt der. Det første eg tenkte var "korleis skal vi overleve her i tre veker". Det neste som møtte oss var ein dusj som ikkje hadde varmt vatn, og ein do det ikkje gjekk an å skylle ned i. Matsalen på hotellet var heller ikkje særleg hygienisk, og maten var omtrent ikkje mulig å ete for den var sååå ekkel. 



Men når det er sagt. Så har eg virkelig hatt ein heilt fantastisk opplevelse og har blitt kjent med såå mange herlige mennesker! Malta er ei utruleg fin øy, og ein veldig fin plass å reise på språkreise til sidan det meste er ganske "sentralt". Der vi budde hadde vi stranda rett over vegen, kjøpesenter rett attmed hotellet, bussholdeplass-ting fem minutts gå-avstand vekke og ellers veldig gode restauranter max ti minutters gåavstand fra hotellet. Det var rett og slett heilt supert! :-) 

Der det står "Villa Rosa" på murveggen budde eg. Og der du ser den skogen av tre hadde vi matsal!

Det at vi hadde skule fra mandag til fredag gjekk eigentleg heilt fint. Fekk likevel litt feriefølelse, og vi var jo der for å studere engelsk.. så det å gå på skule visste eg kom til å bli ein del av "kvardagen" der nede. På skulen storkoste eg meg. Eg følte at eg lærte mykje av å ha ein lærar som ikkje hadde muligheit til å snakke norsk til meg i det heiletatt. I tillegg så lærte eg mykje av å vere på tur uten mamma og pappa til å prate for meg (hehehe), så ja.. eg hadde også ein lærerik tur! Lærarane på skulen var ungdommelege og greie. Noko som gjorde at timane ikkje vart kjedlige! Eg kom i klasse level 5, etter å ha tatt ein test første dagen, som var den beste graden! Noko eg blei veldig fornøgd med :-) 



Å reise på ein slik tur gjorde at eg fekk mange nye venner. Og mange nye venner for livet! Det å bli kjent med mennesker på denne måten anbefaler eg virkelig! Ein blir såå sterkt knytta til kvarandre når ein omtrent bur oppå kvarandre i tre veker. Eg var jo som sagt litt nervøs i begynnelsen sia eg skulle reise heilt aleine og eg ikkje kjente nokon. Men allerede på hotellet i Oslo blei eg god venn med mange av dei andre, og på flyplassen neste dag snakka vi og koste oss sammen som om vi alltid hadde kjent kvarandre. Om du er ute etter å møte nye, supre mennesker.. er språkreise virkelig løysinga! 



Siste dagen på skulen hadde vi graduation der vi fekk tildelt ein grad, eg fekk B2 på ein skala fra A1 til C2 der C2 er best. B2 var egentlig ikkje så bra som eg hadde håpa på men likevel var det ikkje dårleg! Etterpå fekk me delt ut diplom, hattar og så reiste vi ut heile gjengen for å ta bilder. Det var ein fin men trist dag, fordi det var da vi skjønnte at vi nerma oss slutten. Noko som var veldig trist sidan dei fleste bur på heilt forskjellige plassar i Norge. Det var også ganske deilig å vere ferdig med alt som heitte skule, så vi kunne nyte den siste kvelden sammen fullt ut! 

 

Eg angrer ikkje i det heileteke på at eg brukte såpass mykje penger på denne opplevelsen! Sjølv om det var veldig skuffande av EF at vi måtte bu på eit skittent hotell med muggskader. Det tålererer vi sjølvsagt ikkje og har tenkt å sende inn klagebrev. Men utenom det så har eg fått så mange gode minner, og så mange gode venner♥ Det er så mangen av dei eg vart kjende med eg skulle ønske eg hadde i kvardagen min! Nede i Malta var det rundt 40 grader nesten kvar dag, så ja.. det var veldig heitt. Spesielt sidan det var null aircondition på skulen. Men kem vil vel ikkje ha 40 varmegrader istadenfor dei 16 vi har her i Norge? Eg storkoste meg i varmen eg! :-) Den dagen vi skulle sei hade til kvarandre på flyplassen er faktisk ein av dei verste eg har vore med på. Eg trur ikkje det var ein person som klarte å holde seg den dagen, da rann tårene! Gleder meg så utrulig mykje til å sjå igjen jentene på reunion i september, det blir så kjekt! :-) 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits