Bloggpause..

I morgon reiser eg på språkreise til Malta! Gleder meg skikkelig, til tross for at eg har begynt å få litt vondt i halsen og sånn. Har brukt dagen til å køyre buss, gjere noken ærend og ellers pakke! Har samme problemet kvar gang eg er på reis - alt for mykje i kofferten. Haha. Men til poenget. Eg tenker å ta ein bloggpause mens eg er vekke. Viss ikkje blir det berre mobilblogging, av og til, og det er absolutt ikkje kjekt å kun mobilblogge. Så da blir det tre vekers pause, så får vi håpe at eg kjem heim med masse blogglyst og masse inspirasjon! Så skal eg sjølvsagt fortelle om turen min :-) 

Så, ha ein fiiinfin sommar videre! Så blogges vi om tre veker :-) 

Motepress

Motepress er noko som eg trur alle sammen har vore borti. "Ser dette bra ut?" "Er dette eit bra nok anntrekk for dei?" "Passar dette sammen?". Alle (spesielt jenter) leser  ofte om "den nye moten" og "slik må du kle deg", og eg tykkjer det er så synd. Det motepresset som har bygd seg opp i dette landet i dag gjer at så mange jenter får dårligere sjølvtillit, blir usikkre, og rett og slett held seg inne i stadenfor å gå ut og ha det moro! Det gjer at ein alltid stiller det samme spørsmålet til seg sjølv om og om igjen, "er eg god nok?". Når du ser i magasin og på nettet ser du dei tynne, flotte, modellane med dyre klær fra topp til tå. Ein blazer til 2000 kroner, og ei bukse til 1500. Det er det som er noko. Det er da du er god nok. Når du går med dei dyraste og beste kleda. 

Min meining er at om du føler deg vel i joggebukse. Om du vil gå med joggebukse på skulen ein dag, så gjer det! Du bør vere stolt over deg sjølv om du klarer å unngå motepresset, og ta på deg akkurat det du har lyst til, og som du føler deg komfortabel i. Du er nydelig, vakker, fantastisk, super. Uansett! Nettopp fordi du er deg sjølv, du velger din eigen mote, din eige måte å vere på, og du er heilt unik! Kvar jente burde føle seg spesiell, og vakker, nettopp fordi det finst berre ein av deg! Og det er berre du som kan vise verden kor bra du er. 




















 

Språkreise

På tirsdag reiser eg på språkreise til Malta, å eg gleder meg så utrulig masse! Eg skal vere der i tre veker, og har meldt meg på eit kurs som heiter international. Det vil sei at det er ungdommar frå heile verda som har kurs i lag, altså eg blir kjent med mange gode folk fra mange forskjellige land! I tillegg til å ta det kurset har eg meldt meg på to ekstra-pakkar, der eg får vere med på mykje moro! Eg veit ikkje om eg får blogge der nede, men om eg får, så skal eg lova å komma med eit innlegg her og der. Skal jo sjølvsagt fortelle meir om heile turen og sånt når eg kjem heim, så det er berre å glede seg

Sjølv om eg gledar meg veldig og er kjempespent, så er det jo også litt skummelt å reise på ein slik reise. Eg skal reise heilt aleine, så eg kjenner ingen der enda! Eg er ein person som det er ganske enkelt å bli kjent med, og eg er ikkje sjenert i det heiletatt, så sånn sett trur eg det skal gå bra.. men litt nerver kjenner eg begynner å komme

Malta virker som ein utrulig fin plass, med mange spennande destinasjoner! Er det nokon som har vore der før? Kanskje nokon som har vore på språkreise der? Eg tek imot alle tips og idear om alt ifra kva eg skal pakke med meg og ting eg må oppleve der nede med stooor takk :-)



 

Bilder fra Tyrkia

Da eg skulle legge ut bilder fra Tyrkia blei det så mange, så da satte eg sammen ein liten bildeserie på film istadenfor! Storkoste meg i Tyrkia, og det var så kjekt å reise sammen med Martin. Denne gangen var eg med på så utrulig mange forskjellige ting, som paraflying, tyrkisk bad (hamam), minigolf, go-cart køyring tre ganger, bowling, massage og masse anna! Herlig ferie♥

 

Kor har du vore i sommar? 

Nytt design

Som de ser har eg fått nytt design, noko eg synest var på tide! Det er mykje kjekkare å blogge når bloggen ikkje alltid er den samme gamle. Eg blei egentlig veldig fornøgd med designet, men kva synest du? 

 

Så vil eg berre sei tusen takk til alle som er innom bloggen min, og til alle som legger igjen ein kommentar! Eg blir såå glad for det :-) Det var nokon som lurte på korleis kamera eg brukte på dei måse-bildene og der brukte eg Canon EOS 550D med linse 18 - 200mm. Elsker å ha eit god linse, kan zoome kjempelangt med den! Det einaste minuset er at kameraet blir veldig tungt å bære på, så om du er på ferie feks så er det kanskje ikkje alltid du gidder å ta me deg kameraet fordi det er så stort

Tenkte at de kunne få komme med ønske om innlegg eg kan ha på bloggen? Kva har du lyst til å lese på bloggen min? Vi blogges



 

Bilder fra bursdagen min















Hadde ein super bursdag på mandag! Starta dagen med herlig frukost på senga, før eg igjen klarte å sovne.. haha. Seinere hadde vi selskap med familien noko som var utrulig koselig. Er ikkje så ofte alle samlast! Til slutt kom Ingrid på besøk med ein supersøt gave og det gjorde vel dagen min ganske fantastisk♥ I går hadde vi taco-kveld med tante og dei sia dei ikkje kunne komme på mandag, herlig! Har ete såå mykje kaker, nomnom. Endelig 16 år! hehe.

Photoshoot; måser





































Utrulig vakre fuglar! Skjønner ikkje at så mange er i mot dei .. 

Eg er tilbake! Og eg har bursdag!

Da er eg tilbake etter altfor mange dager (evt. veker) uten blogging! Skulle jo egentlig blogge kvar dag i Tyrkia, men det blei for slitsomt å drakse med seg ipad'en til pappa alle plasser for å ha bilder til bloggen, og ein blogg uten bilder er vel ikkje interessant? Dagen etter eg kom heim fra Tyrkia reiste eg til Florø for å vere der i fire dagar, og derifra reiste eg rett på hytta til tante og onkel sammen med familien! Kom heim i går og i dag har eg jammen bursdag! 16 år ♥

Hadde det veldig kjekt på hytta, koste meg og fekk virkelig slappe av! Her er nokon bilder:









Hadde ikkje så mange, menmen. Anyways.. så kjem bilder fra Tyrkia snart! Så da er det berre å følge med! :-) Tenker også at eg skal få ordne med nytt design og sånt, men veit ikkje når eg får tid. Om ei veke reiser eg jo på språkreise til Malta i tre veker! Åååh, som eg gleder meg! Men woops, berre ein time til gjestene kjem, og eg skal lakke neglene, sminke meg, ordne håret og kle meg.. huffhuff! Hade

 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits