Strandkos

Har hatt ein digg dag på stranda idag, og det er vel egentlig det einaste vi har gjort på også. Været har vore tipptopp, altså veldig varmt!! Men det er såå deilig :-) kjenner at eg virkelig slapper av for tia, er så deilig med ferie på ein så fin plass! :-)

Fine Tyrkia!

Turen til fineste Tyrkia gjekk veldig fint, og idag har eg hatt ein strålande dag! Veret har ikkje vore knall heile dagen, noko som var like greit sidan da slapp vi å bli solbrent :D Eg, Linda Marie og Martin reiste på hammam (tyrkisk bad) der vi vart skrubba og massert og fekk ansiktsmaske, deilig! Resten av dagen har egentlig gått til soling og avslapping.. Og om ikkje så altfor lenge skal vi ut å ete. Gleder meg veldig, maten her nede er så utruleg god!! I morgon skal vi på stranda, og det har meldt enda bedre ver! Wihoo :-)

Eg skal prøve å blogge litt kvar dag, men kan ikkje love noko. Blir da berre ipad-bilder, men kjem sjølvsagt fleire, og bedre bilder når eg kjem heim!

Den kvite blonde-bhen min har eg kjøpt på Cubus, for dei som lurte på det! Dei har den i både kvit og svart, den er med innlegg, men dei går ann å ta ut sånn som eg har gjort :-)

På veg til Tyrkia!!

Åh, endelig er dagen her. Sitter i bilen på veg til Gardermoen der vi skal ta fly videre til Tyrkia/Alanya! Eg kjenner at eg gleder meg veldig no, sjølv om eg ikkje har gleda meg så veldig dei siste dagane.. Eg hatar nemleg å pakke, er noko av det verste eg veit, og pakker ALLTID for mykje! Menmen, Tyrkia here i come :-)

Rettelse; det er ikkje min ipad eg har med, som eg skreiv i forrige innlegg, men min kjære pappa sin ;-*

Min sommer 2012

Denne sommaren har eg gleda meg ekstra mykje til! Nettopp fordi eg skal reie eindel, og det er noko eg virkelig elsker å gjere! Om berre to dagar (på laurdag) reiser eg til Tyrkia sammen med familien min, og familien til Martin. Det skal bli så herlig! Skal vere der i to veker, og eg reiser til byen Alanya, som vi gjer kvart år. Der nede har eg planar om å køyre go-cart, gå på hammam (tyrkiskbad), ta paraflying, kanskje køyre vannscooter(?), og ellers berre kose meg og oppleve nye ting! Eg skal bu på eit herlig hotel som ligger ganske sentralt i byen, så da er det ikkje langt til verken shopping eller stranda! 

Hotel Riviera Apart:
 
Når eg kjem heim skal eg vere ca. 16 dagar (?) heime, der eg blant anna skal feire bursdagen min, forhåpentligvis ta lappen på scooter, og ellers tilbringe tid med venner! Så den 24. juni reiser eg på språkreise til Malta!!! Åh, sommarens høgdepunkt. Har gleda meg sia eg bestillte turen i desember, og no er det jammen ikkje lenge til. Eg reiser aleine, noko eg synest er kjempespennande sidan da får eg god tid til å bli kjent med nye mennesker. Eg skal vere der i tre veker, og eg har ca. 4x40 minutter med skule kvar dag. Det er jo ikkje masse!! Har meldt meg på to forskjellige "tilleggspakker", der eg blant anna får vere med på båttur til ei øy med heilt kviite sandstrender(♥) og go-cart-race, kino, utflukter og andre godsaker. Gleder meg som ein liten unge på julafta, og trur at denne sommaren blir tipptoppbra!

Fine Malta!!:



S
kal ha med meg ipadn til pappen til Tyrkia, og i Malta får eg nok låne meg ein data om eg ikkje tek meg sjølv! Så litt oppdatering på bloggen blir det nok!
♥kor skal du i ferien? :-) 

svar på spørsmål

1. Hva synes du om din væremåte? Er du en som behandler alle bra og likt, kan du oppfattes som litt frekk eller veldig åpen, kranglete, osv. 
Eg synest min veremåte er heilt grei. Eg kan avogtil vere veldig i hundre, og er generelt ikkje så veldig sjenert ogsånn så eg kan nok virke litt for frampå avogtil, men om du kjenner meg veit du at det er berre sånn eg er. Om eg behandler alle likt er eg ikkje heilt sikker på, går det egentlig an? Eg trur nok eg behandler nokon litt bedre enn andre, men eg vil ikkje sei at eg behandler nokon stygt.. det håper eg virkelig ikkje nokon føler! Eg kan oppfattes som litt frekk, sjølv om eg virkelig ikkje meiner å vere det, i og med at eg er veldig frampå og sånt, men eg trur også eg kan oppfattes som veldig smilende og blid :-) Kranglete? nei. 

2. Hvilket syn har du på alkohol og festing? 
Ehm, eg har ingenting i mot alkohol og festing, og synest sjølv det er kjempekjekt å reise ut sammen med gode venner. Men om folk drikker seg fulle berre for å drikke, når dei egentlig ikkje har noko å drikke for synest eg det blir litt teit. Det går an å "feste" og ha det kjekt sammen uten alkohol også, right?  

3. hva syns du om utrohet ?
Utroskap gjer meg irritert, leimeg og rett og slett sint. Kem kan gjere noko sånt mot ein person? Om du er sammen med ein person, så bør det vere fordi du virkelig er så glad i den personen at du aldri kunne ha såra han/ho eller gjort noko som helst som du visste kom til å knuse han/ho. Eg orker ikkje skrive så mykje meir om det, det er iallefall ein ting som er heilt unødvendig. 

4. kan du lett bli irritert over personer du nesten aldri snakker meg ?
Ja, det kan eg. Om eg nesten aldri snakker med dei er det vel ein grunn for det. Men det er ikkje slik at eg klikker, eller er frekk..men litt irritert kan eg bli, ja.

5. hva hater du mest i livet og hva elsker du mest ?
Hater mest.. hmm. Er faktisk ikkje sikker men folk som MÅ provosere og slenge dritt og plage på ein måte som dei veit VIRKELIG irriterer ein person, berre fordi dei synest det er morsomt. Det hater eg. Liksom, what's the point? I tillegg så hater eg utroskap, og at menneske som er så sjølvgode at alle andre er som "dritt" for dei.
Det eg elsker mest må vere følelsen av å vere fornøgd med seg sjølv, og følelsen av å ha klart å få til noko. Følelsen av å glede andre, og av at andre bryr seg om meg. Og sjølvsagt dansing :-) 

6. er du en god venn som alle kan stole på? liksom, du stenger ingen ute, og gir ikke stygge blikk.
Ja, eg er ein god venn, og ja, eg er til å stole på. Men eg kan ikkje vere like god venn med alle.. det seier jo seg sjølv. Eg er ikkje ein som stenger folk ute, men eg er heller kanskje ikkje så flink til å inkludere alle. Eg pleier ikkje å gi folk stygge blikk.. det skjønner eg ikkje vitsen med. Om det er noko, så prater eg med den det gjelder. Om nokon har følt dei har fått stygge blikk fra meg må det ha vore at eg ikkje har sett den personen, og berre latt være å smile eller noko sånt.  

7. har du gode gutevenner vet du har sagt at martin er en god venn, har du andre? 
Eg har mange gode guttevenner. Og ja, Martin er ein av dei. Martin har alltid vore ein av mine beste venner! Eg synest ofte det er enklere med gutter enn med jenter, fordi er det noko som virkelig går meg på nervene så er det jente-drama. Såå unødvendig. Men eg har jo sjølvsagt mange jentevenner også, og er jo som oftest med både jenter og gutter når eg er med folk :-) 

8. Har du mange venner eller noen spesielt nære? 
Eg har mange venner. Eg kjenner utrolig mange, og eg er ein person som elsker å bli kjent med nye folk. Eg vil tørre å påstå at det er ganske enekelt å bli kjent med meg, og snakke med meg, så eg blir stadig kjent med venners venner og sånn, og det er jo koselig! Har mange venner her eg bur, men har også ein heilt haug andre plasser, noko eg synest er digg fordi da kan eg reise for å besøke dei og det er jo alltid morsomt å finne på nye ting, på nye plasser!  
Sjølv om eg har mange venner, og mange gode venner, så er det jo sjølvsagt nokon som er spesielt nære.. og som eg virkelig kan snakke om alt med. Det har vel alle :-) 

9. Er du fornøyd med eget utseende? 
Er sjølvsagt småting som eg skulle ønske var anleis, men eg føler ikkje at eg har noko spesielt eg kan klage på. Så ja, eg er vel det.

10. Har du angret på noe du har gjort i et forhold?
Nei. Livet er for kort til å angre på ting, hehehe!

11. nemn 3 beste gutevenner ?
Klarer ikkje.   

12. kor ha du fått diamanten? kem du gjekk til?
Diamanten eg har på tanna har eg tatt hos tannlegen. Eg tok den i Sogndal hos Øvrebø :-) 



gode nok svar? om du lurer på noko meir er det berre å spørje! :-) 

Endelig sommerferie!













Har hatt ein utrulig fin, koselig, morsom, og ikkje minst trist avslutning med klassen som eg har tilbrakt 10 supre år sammen med! Er så utrulig glad i heile gjengen, og det blir rart å starte eit nytt skuleår til hausten utan å sjå alle igjen. Samtidig så er det litt deilig at eg er ferdig med grunnskulen, og skal ta fatt på nye vegar! :-) Er superfornøgd med vitnemålet mitt også, det kunne ikkje ha vorte ein betre avslutning♥♥
No er det endelig sommerferie, noko eg har venta sååånn på dei siste vekene. Åhh, livet♥♥ 

restaurantkos med Ingrid













Har vore på italiensk restaurant sammen med Ingrid for å feire at vi fikk 6(!!!) på munntlig eksamen! Diggdigg følelse. Koste meg skikkelig og dei har såå godt mat der! Virkelig verdt å ta seg ein tur om du er i Sogndal :-) 


 PS: ja dette innlegget skulle da ha blitt posta forrige onsdag! Bedre seint enn aldri, right? :-D

Gratulerar med dagen, verdens beste mamma!

Håper du har hatt ein heilt super dag i dag ♥ i love you 

new in del 2











 

Neglelakk fra Cubus (wondernail fra Sparkjøp) - deodorant fra Sparkjøp - øyredubber fra Kappahl - fliseklemmer fra H&M - augeskygge fra Sparkjøp - eyeliner fra H&M - falske vipper fra H&M. 

new in del 1











































Genser fra Cubus som eg har sikla på leeenge!! - Baggy shorts fra Cubus - Gul topp fra H&M - Beige shorts fra H&M - Kvit shorts fra BikBok (klipt sjølv) - Rosa topp fra Lindex - Leopardshorts fra BikBok - Kvit topp fra H&M - Svart shorts fra H&M - Svart kort trenings-tights fra H&M - Rosa sportsbh fra H&M - Lilla topp (til trening) H&M. 

Kos på verandaen

Heisann! ♥♥

Dei siste vekene har vore proppa fulle med eksamens-styr, kvalitetstid med gode venner og dans. Derfor har eg fått blogga veldig lite, men det skal bli bedre no! Akkurat no sitter eg ute og kosar meg med milkshake og godis, og det er så herlig at det er så god temperatur at eg kan sitte ute! Seinere kan det hende Martin kjem på besøk ein tur, ellers har eg vore i Sogndal med Emilie og Sandra i dag så det var jo koselig! Kom opp i naturfag munnlig, og fekk først heilt fnatt sia det er eit av dei to verste faga mine. (Det andre er matte) men det gjekk overraskande bra på eksamenen og fekk 6! Wohoo :-D 

Har havna eindel nye godbiter i klesskapet mitt i det siste, og tenkte at eg skulle lage eit innlegg med dei nye innkjøpa no! I dag er det berre to veker til eg reiser til Tyrkia, og da trenger eg jo litt nytt så eg kan ha med meg, hihi. Kva trur du eg har kjøpt?? 






Beklager

Eksamens-stress, dansing, venner, familie, osv har tatt tiden min dei siste dagane (vekene?) og har desverre derfor ikkje fått tid til å blogge. Skal blogge meir skikkelig fra og med i helga, looover. Kom opp i naturfag munnlig, i dag har eg vore på skulen i 13 timar og no klarer eg neste ikkje holde augene oppe så da er det vel på tide å hoppe i senga og satse på at det går bra imorgon. Gruer meg egentlig meir til det eg skal etter eksamen, enn til sjølve eksamen men.. haha. Hade

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits