Dansehelg i Leikanger!

No reiser eg snaart på dansehelg i Leikanger! Når eg kjem heim skal eg vise dykk nokre godsaker eg fikk i posten i går! Skal ha med dataen, men veit ikkje om eg får internett der.. så er ikkje sikkert det blir blogging i helga! Men kanskje kjem det plutseleg eit innlegg, så det er berre til å ta seg ein tur innom :-)


Webcaam!

Ha ei fin helg alle søte! ♥






Sool, sool kom til meg! :-)

Har vore på mitt siste ungdomsråds-møte i år, idag! Trist.. men til hausten byrjar me igjen ! :-) Og så har eg vore å sola meg! (Og då fekk eg masse søte små fregner (a)) Sidan sola ikkje vil komme til oss... Er så lei av regn og vind no. Heldigvis er det ikkje lenge til eg skal til syden!♥ 





Nytt i klesskapet!

Fekk denne søte singletten med blondekant på av søstra mi idag; 





Innkjøp fra laurdag


Rosete singlett | Cubus | 79,-

Harem Capri bukse | Cubus | 149,-

Phoebe Jumpsuit | Cubus | 249,-

Kvit singlett med bryterygg | Cubus | 49,-

Dongerijakke | Cubus | 199,- (før - 399,-)

Rosa og blå tøysko | Iceplanet | 299,- (for 2 par)




Formspring

Istadenfor at eg har spørsmålsrunder så kan de berre gå innpå her; http://www.formspring.me/Saandraas og spørje meg om det de vil! :-)

 



Har rydda i kleskapet!

Litt av buksene mine! 


Hadde det ganske kjekt :-)




Og her er det eg har kasta vekk !






Pirates of The Caribbean 4

Ikkje som forventa, men heilt okei.

Det var det eg tenkte då eg kom ut ifra kinosalen. At den var i 3D var minus, for eg fekk hovudverk av dei brillene!! Haha.. Filmen var heilt okei, men ikkje som forventa. Dei første filmane er mykje betre. Eg syntes at det skjedde altfor lite i filmen, det var så mykje av at dei gjekk og snakka osv osv. Litt for lite action. Men Jack Sparrow er den tøffaste mannen! Hadde det ikkje vore for at han var med hadde ikkje filmen vore verdt 120 kroner! Han hadde utruleg mange typiske "Jack Sparrow - kommentara", som er supermorsomt! Heha :-D Handlingen var kanskje litt vanskeleg, i allefall skjønnte eg ikkje så mykje av slutten. Alt i alt var det ein heilt okei film, men .. i motsetning til at eg ville ha gitt dei første filmane 5/6 i terningkast, vil eg gi denne 3/4! Har du sett filmen? Kva tykkte du?





What am i gonna do, and what am i gonna say?


Elskar lyricsen på denne sangen ♥ Har hatt trening i heile dag, så har ikkje blitt mykje blogging, men imorgon skal eg sjå Pirates Of The Caribbian 4!! Så da skal eg nok skrive litt om den og sånn :-) Stay tuned!

 

Min 17. mai



17. mai i år var ikkje den beste.. allikevel er det alltid koseleg med tradisjonar som å gå i tog, og ete masse! Eg og Ingrid var konferansierar, og det gjekk superbra! :-) 
Eg åt masse kaker og når eg kom heim fra bana åt me rømmegraut og gelè! :-) Det var ein heilt grei dag, men håpar på solsteik istadenfor regn nestegang!

Korleis var din 17. mai? 

 


Ikkje redigert





Hipp hipp hurraa!!

Mange har vore på frukost med speidaren, og lika mange har no gått i tog fra kaien og ut til kyrkja. Eg derimot, er nettopp våken, og sit og gruar meg til å vere konferansier i dag. Men, idag er det jo 17. mai! Og sjølv om vèret ikkje er 100%, så skal i allefall eg ete masse, masse is! Og kose meg masse :-D 

GRATULERAR MED DAGEN ALLE SAMAN!!


Hipp hipp hurraa!! ! :-)
 

Me want

h&m.no

 


16.mai.2011

No har eg hatt ei lita pause fra blogginga. Ikkje fordi at eg ikkje har hatt lyst til å blogge, for eg har mange gongar vore innom for å skrive eit innlegg, men eg har ikkje hatt ein einaste idè om kva eg skal blogge om. 

Så idag bestemte eg meg for å prøve å fortsette, men hadde sett pris på tips til kva eg kan skrive her! :-)
Idag er det jo 16.mai og det er sikkert mange som skal ut å feste, eg derimot skal sitte heime med filmkos, godteri og popkorn ♥ hihi! 
Straks kjem Ingrid, og me skal gjere oss klare til morgondagen. Me har nemleg sagt oss villige til å vere konferansierar på bana imorgon, og må derfor planleggje kva me skal sei osv. Kjenner at eg gruar meg litt, og eg var jo heller ikkje heilt klar over at eg hadde takka ja til det, haha. Menmen, det skal nok gå bra! :-)

 



- Kva skal du gjere i kveld? Ut å feste eller berre slappe av heime?

 

Konfirmasjonen min i bileter

Eg starta dagen med å åpne litt presangar.

Før eg måtte skunde meg ned i kyrkja for å ta bileter.


Fotogen med kappaaa ♥

Og så var det på tide å få bøna mi!

Me fekk fine roser, og eg måtte sjølvsagt ut å pose med dei etter gudstjenesta.

Og så heile familienn ♥

Benedicte, Ingrid og Meg :)

Og meg igjen, med den fine rosa eg fikk!

Då me kom opp på Vesterland var borda fint dekka.

Og eg fekk sølla smukk, som eg hadde då eg var liten;

Og sølla sko!

"Sjefane"

Så holdt eg ein tale. Eg var ganske nervøs, men det gjekk superbra! :D

Eg var på fotografering på museumet, og da knipsa mamma nokre bileter også!

Marsipankake med bilete av meg på hadde eg også !

Og me hadde faktisk berre 13 kaker ! :D

Så måtte me ta litt familiebileter, men me tok så mange at eg ikkje orkar legge ut alle !

Eg fekk mange fine presangar..

Og veldig, veldig, veldig mange kort ! :)

Fekk også nokre litt meir spesielle kort:

Utruleg fine!

Zøt som lita.


Blomsteroppsatsane var strålande fine!

Både dei små, og den store ♥

Hihi!

Me hadde pynta med raude roser ute!


Og sidan me har hatt strålande vèr og 23 grader her idag, så passar jo det bra! :)
Eg har hatt ein heilt fantastisk dag, med masse fint besøk ♥ Eg har fått eigentleg alt det eg ønska meg, og vère har vore supert! :-) 
Alt i alt har eg hatt ein heilt perfekt konfirmasjon! :-)

 


Dagen før dagen

Ja, imorgon er det sjølvaste konfirmasjonsdagen min! Og det betyr jo at det er littegrande stress rundtom i huset her. Men, eg fekk meg ein god latter då eg kom inn på badet i dag tidleg for å pusse tenna;


Kamben oppi sammen med tannbørstene!

Vel, eg og mamma har eit spørsmål til den flinke pappan min;
Har du kamba håret med tannbørsten, eller har du pussa tennene med kamben? 
he-he-he :-)

Menmenmen.. Tilbake til ryddinga! 

What Are Words If You Really Don't Mean Them When You Say Them?

Eg sit her med tårer langt nedover kinna. Eg har høyrt på sangen "What Are Words" av Chris Medina lenge no, men har aldri sett videoen der han fortel historien bak det som skjedde med forlovaren hans og sangen. Noko så utruleg vakkert! Han må vere verdas snillaste mann. 


Noko så nydelig ! ♥

 

Blir med i ein konkurranse

Blir med i ein konkurranse på sherine.blogg.no! Kan vinne ein goodie-bag fra superkul.no, og det hadde jo vore kjekt å vinne noko for ein gongs skuld! 
No tar eg kvelden. God natt alle i hopa ♥ 

 

Entreprenørskapsmesse

På torsdag ( i går ) var "Dans Med Glede" ei av dei heldige elevbedriftene som fekk vere med til Lekanger på entreprenørskapsmesse. Altså, Ingrid og meg. Me lagde til ein stand, og trykkte logoen vår på t-skjorter. Og så hadde me scrapbook og gratis fox på bordet!!

Me hadde mange "gjester" som spurte om elevbedrifta vår. Og gjett kva!!? Me vann den eine hovudpremien :-D Så me skal til Måløy til vindmølleparken der, og så skal me besøke forskjellige bedrifter for å få eit innblikk i jobblivet der! Det blir koseleg ^^ 


DMG - Dans Med Glede ♥

Beklagar, beklagar beklagar for lite blogging! Konfirmasjon på søndag you know :-)

 





 

Inspire!

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits