Følg Freequent

Som regel er eg mest glad i å handle på nettet, men om eg skal handle i butikk så er Freequent heilt klart ein av mine favorittbutikker. Ofte så velger eg å ikkje kjøpe ting fordi eg veit at alle andre har dei, men på Freequent har dei mange litt anleis plagg og det liker eg veldig godt! I tillegg har dei omtrent alt du trenger. Alt fra skjerf og smykker til kjoler, bukser og gensarar. I tillegg så er dei som jobbar på Freequent i Sogndal kjempegreie og veldig hjelpsomme noko som er veldig viktig når ein skal handle i butikk synest eg. Dessuten er dei kjempeflinke til å oppdatere og legge ut bilder på facebook og instagram, så det er veldig kjekt å følge dei! Følg dei du også vel. På facebook >HER< og på instagram heiter dei; FREEQUENT. 

Nokon av dei siste insta-bildene deira:








reklame, helt ærlege meiningar
 

 

I'm in Gran Canaria, bitch

Akkurat no befinner eg meg i Gran Canaria, og det er grunnen til lite oppdatering her på bloggen. Livet mitt har bokstavelig talt berre vert eit stort kaos sidan skulen begynte igjen etter nyttår. Altfor mykje på agendaen, og derfor var det deilig og reise ned hit til Puerto Rico uten eit eineste punkt på må-gjere-lista. Eg har storkosa meg til no og skal nyte resten av ferien like mykje. Er rart kor godt ein sånn liten pause kan gjere iblant. På søndag er det heimreise og da blir det bedre oppdatering med bilder og alt sammen! I promise

Sitter for øyeblikke på verandaen med denne utsikten og kunne ikkje hatt det bedre:

Happy Valentines Day

Dagen der dei med kjærester elsker, og de som er single hater - eller kva? 

Timeplanen min er proppa full med hundre gjeremål, og ingen av punkta inneheld ein romantisk date med levende lys, roser og god mat. Men valentines day er vel ein super annledning for oss single å glede dei man er glad i, right? Berre ein liten, fin kommentar, ein klem, eller eit kort kan gjere veninner, kompiser eller familie kjempeglad! Så det er berre å benytte anledningen med mindre du skal på ein klissete date med kjæresten. Happy Valentines day blir det uansett! Døyper like godt denne dagen om til "Hug Day" eg! Jubii 

 

Kva skal du gjere på Valentines Day? 

 



I need a break

Huff, har så mykje å gjere denne veka at eg veit ikkje kor eg skal starte. Er det berre eg som synes at alltid før ein ferie så er det altfor mykje som skjer? Alt som ikkje har blitt gjort før blir liksom stappa inn i den siste veka før ein feire, haha. Jaja, eg får vel berre motivere meg med at eg reiser til Spania om under ei veke! Åå kjære, la det bli fint vèr der nede den veka! 

Er det forresten nokon som veit om leilighet til utleige i Sogndal? Ein venn av meg er på leit - så tar gjerne i mot tips! 



Har du feire denne veka eller neste?

SMASK  

 

 

Tiden flyr

Kor i alle dagar har det blitt av den siste veka? Tiden har virkelig berre sust forbi meg sidan onsdag. På onsdag var eg dårlig så eg bestemte meg for å ta ein powenap. Det endte altså opp med at eg sovna klokka 18:00 og våkna 09:30 neste dag. Kor sjukt er ikkje det? Reiste på skulen til klokka var elve ca. og når skuledagen var slutt føltes det ut som om eg ikkje hadde hatt blund på auga den natta. Haha, var ganske forvirra den dagen, ja!

På fredag var eg mykje bedre og reiste til Gol for å vere med Ingrid og familien på hytta! Det var iskaldt å komme opp dit, men fy for ei koseleg hytte. På lørdagen tok me oss ein "liten" langrenns-tur på 15 km, og gjett om vi var slitne og utmatta når me kom heim. Søndagen gjekk til film, eting og å slappe av før vi tok turen heim! So nå sitter eg her da på skulen, og lurer på kor dei siste døgna har blitt av. Det har gått så himla fort! 

Om berre seks dagar reiser eg til Spania, og eg gleder meg sånn! Det blir så deilig å slappe av i varmen ei veke og komme seg litt vekk frå kalde Norge.  



Ting å sjå fram til

♥ På sånne kalde vinterdager som vi har no drømmer eg om sol, varme, lange strender, blått hav og ein iskald drink i handa! Og nettopp dette får eg om berre 12 dagar. Destinasjonen er Spania og eg gleder meg sånn! Det blir så deilig med ei veke max relax, og ikkje minst blir det deilig å sleppe unda lag på lag med tjukke klær og kliss våte converse. 

♥ Om 45 dagar reiser eg til Latvia/Litauen saman med Inspire på barneheimsturne! Der skal vi dansa for og med ungar og ungdom som bur på barneheimar og spre glede til dei. Gleder meg utruleg mykje samtidig som eg er veldig spent. Dette blir nok noko av det som eg kjem til å få mest inntrykk av heile livet. Vi skal også bu på ein av barneheimane, noko som blir veldig spesielt - men eg gledar meg veldig! 

♥ Om 136 dagar er det SOMMERFERIE (ja, teller faktisk ned til det allerede no). Å det blir såå bra! Skal finne på masse sprell i sommer, men det eg gleder meg aller mest til akkurat no er nok rihanna-konserten eg skal på om 171 dagar! Den 26, juli i Bergen. Skal ha med meg Andrea også så det blir nok tipptopp! 

 

Og BTW, så er det berre 526 dagar til eg er 18 år. Så det så. 
Har du noko du ser fram til? 




På veg ut døra

Skjorte fra Gina Trocot // Body fra Malta (hugser ikkje butikken) // Shorts fra Pull & Bear // Armeband fra Tyrkia og H&M // Ring fra BIkBok (fikk den av Ingrid til jul ♥)

 

Slenger berre inn eit lite bilde av kveldens outfit før eg må springe! Skal på Ylvis 4 som eg har nemnt tidlegare og eg gledar meg kjempemasse! Trur det blir topp stemning og deilig og få gjere noko sånt med familien etter ei veke med sjukdom og sofaknoking. Er ikkje heilt frisk enda merker eg, men har klart å ta meg sammen for å bli med på dette. Tjoho. Kva skal du bruke søndagskvelden din på?

Woops, no må eg springe! SMASK 

 

 

Forandring fryder

 

Å herreminhatt, tok meg sjølv i og le litt høgt når eg vart sittande og sjå på litt gamle bilder ja. Forandring fryder, er det ikkje det det heiter? Dette er iallefall meg for to år sidan (med nissehue! eit must når det var jul før hehe...), og meg no. Kva synest du? Har eg forandra meg? 

Det er litt rart og tenke på kor mykje eg har forandra meg på to år, sånn personlighets-messig. For to år sidan hugser eg at eg hadde nyttårsforsett som var typ. "ikkje banne" osv, og det er jammen deilig og sjå at eg iallefall har vokst litt! I tillegg til det så er det utruleg mykje som har skjedd i livet mitt som har gjort at livet mitt er slik som det er i dag. Og den største delen av det er vel at eg har blitt instruktør i danseverkstaden i Sogndal. Hadde det ikkje vore for det hadde eg nok vore ganske mykje meir sjenert enn kva eg er no, og eg hadde iallefall ikkje gått rundt og gleda meg til ein ni-dagers tur til Latvia for å spre danseglede til barn og ungdom på barneheimar der nede. Lurer på korleis livet mitt hadde vore no, om eg ikkje hadde opplevd noko av det fantastiske eg faktisk har, men heilt andre ting. Hmm... 
Det ville nok ikkje vore bedre iallefall! Eg elsker livet mitt  

 

Sex and the City

Hei ♥ Er kjempesliten og svimmel etter ein tur på butikken så er vel ikkje heeilt frisk enda, i guess. Velvel - sitter iallefall og koser meg med havrekjeks med brunost og eit stoort glas melk! Yummy. Kjem vel sikkert til og slenge på ein episode eller fem av sex and the city også. Er blitt heilt avhengig - elsker den serien! Kvelden går berre til å slappe av sjølv om eg veldig gjerne skulle vore med venner ut på festligheiter - menmen, eg må vere frisk til i morgon! Då skal eg nemleg på Ylvis 4. Og guud som eg gledar meg - dei er jo berre heilt fantastiske haha 

Kva gjer du på ein lørdagskveld? 

SMASK  

 

flinka

Flinka har fiksa designet sitt, igjen. No har eg jammen fiksa det mange ganger, og ikkje søren om eg blir fornøgd. Men no har eg funne eit design som eg likte veldig godt, og er ganske fornøgd med korleis bloggen min ser ut no! Kva synst du? Den er fin no, sant? 

 

Har masse bloggmotivasjon for tiden og mange nye idear til bloggen, så det blir kjekt og blogge framover! Kva har du lyst til å lese på bloggen min? Det einaste som irriterer meg no er at eg ikkje får laste opp fleire bilder om gangen, det kjemme berre opp at eg må laste ned Java, men når eg trykker på last ned så kjem det opp "du har allerede lastet ned denne versjonen av Java". Arg, sånne tekniske greier pleier aldri å vere på mi sie, så eg får vel berre leve med det tenker eg. 

 

 

Oh, it's friday


Hei alle ♥ Er fortsatt dårlig og i dag har eg ikkje vore på skulen sidan eg var så inni granskauen kvalm og svimmel når eg våkna i dag tidleg. Er heldigvis litt bedre no og i skrivande stund sitter eg og gomlar på blåbær og skal til og kose meg med siste utgave av Cosmo. Eg kan ikkje tru at dei skal slutte! Cosmo er eit av dei beste blada eg veit om! Dei er utruleg flinke til og ikkje ha for mykje fokus på kropp og mote - for la oss alle innsjå at dei fleste blada som liksom skal gi oss "tips" til eit bedre liv, faktisk berre får oss deppa og lei seg på grunn av dei syltynne kjendisane som er avbilda. Men i Cosmo finner du ikkje så mykje sånt, og sjølv om du får eit lite kjendis-dryss, kan du også lese om kvardagslige problemstilingar og spørsmål - me like! Skal kose meg gløgg med den siste utgava 


Ha ein strålandes fredagskveld, skjønninger!  


 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits