Fotokonkurranse!

God kveld, god kveld! : )

Eg har nettopp sendt inn eit bilde til ein fotokonkurranse  her i Sogndal. Eg trur eigentleg ikkje at det er eit vinnar-bilde, men det er jo alltid kjekt å delta. Tema er "heimbygda mi", og når eg høyrer det, så tenker eg på den fine bukta eg har utsikt over frå verandaen min på rommet. Så da tenkte eg å sende inn eit biletet av den. Og sidan det er ein del natur her eg bur, så passar det jo midt i blinken med eit natur-bilde! ;



What'sha think?

 

Mi speleliste for tida!

Har 2-3-4-5 sanger som eg har fått skikkeleg dilla på for tida! Så eg tenkte å legge dei ut, kanskje du likar dei også? : )

 

Akon - Angel ♥♥

Jason Derulo - What If ♥♥

Christina Aguilera ft. TI - Castle Wall ♥♥

Bruno Mars - Grenade ♥♥

Bruno Mars - Just The Way You Are ♥♥

 

Desse sangane høyrer eg oppigjen og oppigjen kvar dag no. Er så fine! ♥




Korleis ser di speleiste ut? Likar du desse sangane like godt som eg?

 


The Hangover

God natta!

No åkar det rett til sengs : ) Eg og familien har nettopp sett "The Hangover", og eg må verkeleg nett få lov til å anbefale den! Det er ein veldig morosam komedie, me lo av han alle saman.



Eg gir den karakter 5! Veldig bra film : )

Har du settt "The Hangover"? Kva tykkte du?

 

Lipstick baby













Har fått heilt dilla på leppestiftar og lipglossar! Det er jo så fint. Og det kan verkeleg sprite opp eit kjedeleg antrekk.
Eg har heilt forelska meg i den grå-beige-aktige (bilde 3)! ♥

Kva tykkjer du om leppestift? Brukar du det?

 


Kosi med Karina : )

Eg og Karina ligg her og prøver å få til å legge ut ein video på den nye bloggen vår som du finn >HER<. Men korleis gjer ein det? Får det ikkje til å funke!!







Seinare i dag skal me til Sogndal i hallen for å sjå ein kamp, og etter det åkar det ned i fjøra på kino. The Town! 



Har du sett 'The Town' ?

 


27.jan.2011

I går : 

Skule - Heim - Lekser - Dusjen - Konfirmasjonssamlingsamling - heim - baka brød. 

I dag :

Skulen - Elevbedrift (danseskule) - Heim - Middag - Lekser - Dans. 

Dette er grunnen til ingen blogging i det siste! Alt går i eitt, eg har ikkje eingong tid til å gjere ferdig alle leksene mine!! Huffåhuff, eg burde verkelig skaffe meg ein timeplan ..





(eg held på med eit innlegg 'om meg', så eg håpar på å få gjort det ferdig i dag eller i morgon! Eg skal bli betre på blogginga, so snart denne veka er over.)

Eg saknar sommaren!

23.jan.2011

Har vore i trekket i heile dag. Så middag. Så trening. Så besøk. Ojojoj, travel jente!! 
Kva har du gjort på idag? Kva vil du at eg skal blogge om?  



Ski

Har hatt ein utruleg fin dag i trekket idag. Og eg tok faktisk nokon bileter idag også! Resten av kvelden går til Friends, taco og soving. I morgon blir det trekket igjen!


I heiseeen : )

Kristoffer : D

Kristoffer og lenger framme, Adrian :)



Meg : D



Anders i farta ^^

Siggeeen! 





Skia mine ♥

Kristoffer og Adrian ^^



Sander og Brede ! : D

 

Har du vore i skitrekket i vinter?

30 spørsmål og svaar

10 spørsmål om heimen din

1. Korleis farge har stova?
Eggekvit.
2. Kva slags sofa har du?
Brun skinnsofa. Ein tresetar og ein tosetar.
3. Har de vedfyring, sentralvarme, olje/parafin kamin, eventuel anna, og kva?
Vedfyring og sånn omn på veggen - ting.
4. Har du vindauge på kjøkenet?
Jajajajj, tre stk.
5. Har du lukka kjøken eller åpen løysing?
Uhm, åpent ;)
6. Kor mange bad?
Eit. + eit i leiligheiten nede :p
7. Har du badekar eller dusj - eller begge deler?
Badekar med dusj : D
8. Kor mange soverom har de?
Ein, to, tre, fire ?
9. Har du bod(ar) innandørs?
Ja, ein : )
10. Kva skulle du ønska var annarleides?
Større TV, større bad, ehm.. nye tepper :D



10 spørsmål om meg

1. Navn?

Sandra Ågotnes Lærum.
2. Alder?
14.. ( og eit halvt! hoho! )
3. klasse?
Niiendeee!
4. Korleis skule?
Kaupanger skule. Ungdomsskulen. 
5.Piercinger?
Nope : )
6. Tættiz?
Nope, men håpa på ein på ankelen, snaart! : )
7. Kjæledyr?
Jepp, to nusselige kattar, og eit bedårande marsvin ;*
8. Hobby?
Daaaaans ♥♥ Blogg, venner, data, uhm... fotball : )
9. Kjæreste?
Nope.
10. Lyst på en date? 
Hadde vore koseleg det :)



10 spørsmål om blogging

1. Kor ofte bloggar du?
Eg prøver på eit innlegg kvar  dag! Men er ikkje alltid eg får tid til det. Dei dagane eg er ekstra oppfinnsam, blir det kanksje fleire innlegg : )
2. Kva likar du mest ved å blogge?
Eg bloggar fordi det er ein hobby som eg tykkjer er veldig kjekt. Og så er det jo koseleg å lese andre sine bloggar, og få kommentarar osv osv : )
3. Bloggar du for å tjene penger?
Nei. Eg tjener ikkje pengar på bloggen min. Eg bloggar kun fordi eg likar det!
4. Blir du lei deg om du får frekke kommentarar?
Nei, eg bryr meg ikkje om folk som giddar å bruke tida si på å trakke ned på andre folk. Om dei ikkje likar bloggen min, treng dei ikkje lese han.
5. Brukar du bileter som passar til innlegga dine?
Som regel gjer eg det.. men av og til blir det berre heilt random. 
6. Kva gjer du for å få lesarar?
Eigentleg ikkje så mykje. Eg bloggar som eg gjer og dei som vil kan lese bloggen min. Eg set veldig stor pris på lesarane! ♥
7. Planlegger du lenge kva du skal skrive om i eit innlegg?
Neij, eg kjem på kva eg skal skrive og så berre skriv eg det. Rett etter at eg har tenkt på det! : p
8. Kor lenge kjem du til å blogge? Er du lei?
Nei, eg er ikkje lei.. og eg veit faktisk ikkje kor lenge eg kjem til å blogge. Lenge ♥
9. Kva tykkjer du om folk som kommenterar som "Anonym" ?
Folk må få lov til å velge om dei vil skrive kven dei er eller ikkje, eg tykkjer det er koseleg med kommentarar uansett! : )
10. Kva er det beste med å blogge?
Det blir nett som ei dagbok. Få ned følelsar, og kommentarane og lesarane sjølvsagt!!



:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D:D

I wanna close my eyes..

... because we all know that true love can not be seen. It must be felt by heart.




 

Lekser

Vil du ha mi meining?

Når me har såtte på skulen i fem og ein halv time, og hatt forskjellige fag.. Så synest eg det er urimeleg at me skal få så mykje lekser at me må sitte opp til 1-2-3 timar heime i tilleg. Me lærer vel ikkje noko meir av det? Til slutt blir me så slitne i hovudet at me kun gjer leksene for å gjere dei, og ikkje for å lære noko.

For meg har det blitt sånn i det siste at eg har kun tid til dans, lekser, trening, lekser og møter og andre ting eg gjere. Eg har veldig lita tid til å vere med venner, fordi dei dagane eg har fri, må eg bruke til lekser. 

Hadde det vore opp til meg, kunne eg godt ha gått tre år til på skulen, før vidaregåande, utan lekser, og minimalt med prøvar. Menmen, ein får vel berre leve med det slik som det er. Life is life.



 

18.jan.2011

Heisann! 
Veit det er seint. Eller for meg er det i alle fall seint, haha. Skal straks hoppe i loppekassa, men eg må nett fortelje om dagen idag!

På skulen hadde me besøk av verdas kulaste gitar-dude! Mike Gallaher. Han spelte nokre utrulege songar på gitar! Og var ganske morsom. I byrjinga begynte han å rappe på Justin Bieber! "when i was thirtheen, i had my first love. There-was-nobody-to-compare-to-my-baby-and-nobody-come-between-us-don't-can-ever-come-above! She had me goin' crazy,, oh i was starstrucked!" Ja, sånn stod han .. haha! ( eg veit ikkje om eg skreiv rett, men sånn ca. sånn.)

Han var utruleg flink til å spele! Og han fortalte historien sin fra han var liten og opp gjennom årene med å spille forsjellige sanger fra forskjellige forbilder han hadde hatt. Og ein ting han sa om og om igjen var "yeah maan!" .. "this is his song, maan!" ..

Han hadde ein masse elektriske duppedittar som liksom var "bandet" hans, og han snakka til dei som om dei verkeleg var bandet hans, hahaha! Morsom fyr.



Noko av det siste han sa var. "So i had this dream when i was a kid, to become a really good guitar-player, and travel around with famous people to play. I practiced blues, rock, jazz, everything! And i made my dream come true. I guess you all have a dream, right? You just have to practice and practice and do what ever it takes to make your dream come true! And believe in yourself. I love you guys, thank you. Bye!"

Eg blei skikkeleg innspirert av det han sa! Faktisk så mykje at det gav meg lysten til å byrje på ballett igjen! Så who knows, kanskje eg byrjar! :)

* Har du nokon gong blitt inspirert på denne måten?

 

God natt

Da har eg dusja og gjort meg klar til å hoppe i køya etter ei lita trenings-økt. Andrea har reist heim, og eg har trena og dusja. Dette var den første treningen på tre månader! Og guud så dårleg form eg er i!!! Hahahaha.
Imorgon er det starten på ei ny veke, ei veke eg har gleda meg til heile januar! For på tirsdag og torsdag skal eg nemleg på dansing! Jaa, dansingen byrjar igjen ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥  Og ellers skal me få igjen karakteroppgjer! Exciting ..


Oh!

Ha ein fin kveld!

 

You mean the world to me

Jenteprat. Data. Kamera. Film. Musikk. Oversminking. Og Webcam <3 Ein skikkeleg jentekveld!



























♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

 

Romantic



Hey Hey Hoo

Heisann!

No sit eg her med Andrea! Endeleg har ho komme til meg ♥ Det var over eit halv år sidan eg hadde vore med ho!
Dagen idag har gått til lekser. Sidan eg hadde fri så måtte eg jo gjere litt lekserrr ♥♥ hmpf.. -.-

Har også vore ute og tatt nokre bileter! ;

















Vinteren er her for fullt. Det er sjuukt mykje snø her!


Ich love deg ♥

 

I feel good

Dagen idag har vore ganske kjekk. Og eg har vore ganske morosam.

Det byrja med at me fekk igjen mattetentamen. Og eg fekk 5! 5 i mattetentamen!! Eg blei så stolt over meg sjølv, og så glad for den femmaren .. eg har aldri vore så glad for ein karakter før, haha. Eg blei veldig, veldig glad, og fekk ein masse energi i meg.. Så i mat og helsen gjekk eg og smilte og smilte.

Så var det danseskule.. Og eg skulle lære vekk det neste trinnet i dansen. Eg fekk latterkrampe, av ingenting! Eg berre lo, lo og lo... Så begynte dei andre og le, og spørra kva det var eg lo av.. Men eg klarte ikkje svare, for eg lo sånn. Det heile endte opp med at Ingrid sa "ho berre er slik iblant, byrjar å le av ingenting og klarar ikkje slutte!" dette gjorde jo sjølvsagt sånn at eg berre lo enda meir, så det blei ein ganske .. morsom .. trening, idag.

Når klokka blei fire og danseskulen var slutt, så skunda eg meg heim for å gjere meg klar til å reise i trekket. Eg hadde det utruleg kjekt der! Eg køyrte masse, og når eg trudde eg nettopp hadde komme der, og eg såg på klokka, fant eg ut at det var 10 minuttar til det stengte.. Jaja, sånn kan det gåå! : )
Eg veit eg sa eg skulle ta bileter, men så kom eg på at eg var jo på kveldsope, og med digitalkameraet mitt blir det ikkje så fine bileter om kvelden,, så eg fant ut at bileter fra trekket må bli ein annar dag :)





Og litt sånn såg eg ca. ut heile dagen;

 

Behind this Castle Walls..

Eg har vore i Sogndal i heile dag!!

Og imorgon skal eg i trekke! Må jo bruke dei nye skia mine ;*
Skal prøve og ta nokre bileter i trekket, så me bloggast imorgon <3

 

I've got a new lamp!







 

Unnskyld, unnskyld, unnskyld!!

Unnskyld for så lite blogging dei siste dagane! Eller, unnskyld for ingen blogging dei siste dagane! Eg har rett og slett ikkje hatt tid. Men no har eg ein masse idèar om innlegg, så eg skal prøve og blogge meir i dei neste dagane! Dagane mine sidan sist har sett slik ut :

Laurdag:
Eg tok turen til Hodlekve for å prøve dei nye skia mine. Eg storkoste meg! Og skia er heilt tipp topp. Eg hadde nokon knall og fall, menmen.. Det er vel slik det skal vere ? : D

Søndag:
På søndag reiste eg og Karina til Sogndal for å møte nokon søte venner. Me hadde det utruleg kjekt. Me såg først på ein handball-kamp, før dei andre måtte heim og ete.. Da reiste eg og Karina og kjøpte oss bollar og noko og drikke for å sitte på kulturhuset og ete! Etter det reiste me på mgp-lokal, der me hadde ei veninne som skulle synge. Ho kom desverre ikkje vidare, men om eg skal sei kva eg meina.. Så rula ho! Stemma hennas er så sterk og så fin!! ♥ 
Etter mgp var det snøballkrig som var på gang. Det var jentene mot gutane, og sidan gutane var tre stk. og jentene berre var meg og Karina, så var det litt feige lag! Men utan å tenke på ein haug med snødukking, og mykje snø i nakken på meg og Karina, synest eg me klarte oss veldig bra ♥ haha..

Mandag:
På mandag hadde me to timar til å øve til mattetentamen på skulen, og sidan eg ikkje følte meg heilt klar, så tok eg å øvde litt heime også! Ja, det vil seie eg satt i nesten åtte timar og øvde, så eg var ganske lei av matte når eg la meg den kvelden ja. He. He. På grunn av all øvinga var det ikkje noko anna som skjedde den dagen,, innholdsrik dag ♥

Tirsdag (i dag):
I dag hadde me mattetentamen på skulen, og eg følte faktisk at det gjekk veldig bra! Satsar på ein 4'ar : )
Ellers har eg ikkje gjort noko, slappa av, likt like-bubbles på fb, og dusja. No skal eg gjere samfunnsfag-leksa, gjere reint i marsvin-buret, rydde vekk julepynten på rommet mitt (veit eg er seint ute, men det er så koseleg med dei søte nissane og det lysande juletreet!), og ellers prøve og blogge eit innlegg eller to til : ) - eg har nemleg noko eg må vise dykk!!


Bildet er tatt for lenge sidan..

Ha ein fin kveld ;*


Jentekrangling

Viss to veninner kranglar, kven skal du da halde med? Kven skal du høyre på, og kven skal du hjelpe? Skal du være ein god venn for begge? Men korleis går det ann?

At to av dine veninner kranglar, det er ikke alltid like enkelt. Eg har opplevd dette før, og du kjem veldig i den knipa at "kven skal du halde med?"

Men burde ikkje eigentleg veninnene dine vere så gode venner at dei let deg sleppe å bli blanda inn i det heile? At dei begge kan vere venner med deg, sjølv om dei er litt ueinige med kvarandre ? ..

Jenter er så vanskelige! Det er mykje enklare med gutar, trur eg. Dei køddar med kvarandre og så ler alle av det og så ferdig med det! Medan jenter byrjar og krangle for den minste ting og tek til seg alt! 
Kvifor kan ikkje jentene ta like lett på ting som gutane gjer? Det hadde vore så mykje betre..

 




 

No er skia på plass!

Heisann :)
Idag var me å henta skia, så eg får legge ut bilder av dei sidan eg har lova det.
Andre ting eg har sagt er at eg skulle vurdere ein blogg. Men sidan det ikkje er nokon som har meldt seg, så droppar eg det : )








Og so er det kattepus på ♥ hihi

Kva synest du?

 


Gratulerar med dagen, verdas beste pappa !


♥ I Love You

 

2010.. 2010.. 2011.. 2011 ??

Eg skjønner ikkje heilt at me er i eit nytt år.. Eg har jo nettopp blitt vand med å sei 2010 og ikkje 2009. Og no er det plutseleg 2011? Hm.. 
2010 gjikk så fort.. Men eg reknar med at eg blir vandt med 2011 også : )

Det blir trist når me skal rydde vekk denne stemningen:







 

Alt og ingenting

Gårdagen bestod av :




Ludo! 

Og idag har eg vore på skulen igjen. Var ein heilt ok dag, men best av alt var etter skule idag då eg var i Sogndal og kjøpte meg nye ski!! Eg skal legge ut bilder av dei når dei kjem :) Måtte putte på bindingar og sånt! :) 
Dette er dei øyredubbane eg hadde på meg idag. Eg fekk dei av Karina til jul! Love them ♥ ;

For tiden har eg hatt veldig lite å finne på, så idag har eg tatt på blå neglelakk ♥♥ ..

.. og strikka meir på skjerfet mitt : ) ;



Og sjølvsagt sett Friends ♥ ;


Kva har du gjort idag?

 




Happy New Year!

Eg hadde ei utruleg fin nyttårsafte. Det var berre meg og familien, og me hadde ein fin middag, og så spelte me monopol! Kattane var også med og spelte litt, haha! 
Når klokka nerma seg tolv, reiste me ned til Tante Linda og dei for å "brenne" stjerneskudd og skyte opp rakettar.. Eg tok ein del bilder av rakettane, og eg klarte ikkje plukke ut berre nokon så eg slenger med ganske mange.. Haha :) Etter rakettane reiste me inn til Tante Linda og dei og drakk kaffe og pratte. Eg har ikkje noko anna å sei enn att dette var ei perfekt nyttårsafte! ♥♥

















































Dette var det beste rakett-bildet, synest eg! :

Eg vil sei takk til alle som har vert innom bloggen min dette året, og alle som har lagt igjen ein kommentar! Eg ønskjer alle saman eit godt 2011, og eg håpar det blir eit kjempebra år!!


2010

November:

I november skjedde det ikkje så mykje. Anna enn at eg laga mi første fruktskål, og eg viste på bloggen korleis eg sminka meg til vanleg.










Desember:

Desember var som vanleg ein travel, men kjekk månad. Det skjedde myyykje mykje! Mamma tok verdas kulaste bilde av katten :


Eg var på konfirmant-samling i kyrkja! :








Eg hadde heimedag, der eg blant anna baka pepperkaker! :








Eg viste bilder frå det nye rommet mitt !! :








Eg fekk tre herlegheitar! Eos'ar !! :


Eg og Ingrid baka sjokoladekake til danse-elevane våres! Og etterpå laga me oss pasta og kjøttdeig ( nam ♥ ) :





Me hadde juleball på skulen, og eg blei danseløvinne!!! :







Eg, Sigmund, Anders og Sander hadde det kjekt på julebord! :



Den 18. desember var den dagen eg verkeleg begynte og glede meg til julafta! :




Me hadde danseforestiling! Høgdepunktet for denne månaden, heilt klart! Det var så kjekt ♥ Eg var med på to dansar, både afro/jazz og moderne, og eg elska begge to! Dette året var første gongen eg prøvde moderne, og det var heilt topp! Det skal eg fortsette med.


















Eg og Conni reiste til Sogndal for å bli heilt ferdig med julehandelen! Det var godt å endeleg vere ferdig.. :




Eg hadde juleverkstad for meg sjølv for å få litt ekstra julestemning ( sjølv om det ikkje hjalp så veldig ), det eg blant anna pynta lys! :




Julesnopet var på plass, og julesokken venta på å bli fyllt opp! :




Julafta kom endeleg! Me hadde utruleg mange pakkar, og ein deilig middag! Familien var samla, og etter middagen måtte me ta nokre bilder. Morfar følte seg veldig fotogen, og det stod masse snop på borde, me var klare for å opne presangar! Eg fekk alt eg ønska meg, og mykje meir! Og best av alt, så fekk eg samleboks av friends ♥











Første juledag reiste eg, mamma, pappa, søstra, Kenneth, Benedicte, Linda og Rune ut for å ake! Det var -15 grader, så det var ganske kaldt.. Men fy kor kjekt me hadde det! Og etter akinga, reiste me heim for å ete god julemiddag ♥












Andre juledag var me av mormor og dei. Det åt me steik og kjøttkaker! Namnam ♥ 
Mamma fekk også speilrefeks til jul, så eg tok eindel bilder!! :














Eg og Conni hadde også ein kosekveld. Me laga oss smoothie, og pratte masse ♥





Eg og Søstra hadde også ein photoshoot, og me tok bilder ute! Det blir så fint lys om vinteren :












Og kattane følte seg sjølvsagt også litt fotogene :




Ein dag eg var aleine heime, hadde eg ein liten photoshoot med meg sjølv. Katten leikte seg med juletreet mitt, og marsvinet koste seg i huset sitt! :















Me fekk også besøk av nokre søte julebukkar! :



So blei det kosekveld med Solrun, og vips så hadde me planlagt at ho skulle sove med meg. Ho tok med seg Zita, verdas søtaste hund!! Og me koste oss masse, og tok masse bilder! :












Etter besøket rydda eg og vaska litt på rommet mitt, før eg satt meg ned og såg på friends ♥












Så var det nyttårsafta, den skal eg blogga om no, i eit eige innlegg! : )

 


Mitt 2010

August:

I tilleg til ein fantastisk tur med jentene til Oslo på Norway Cup denne månade, så handla eg meg ein del. Var masse med Conni og Solrun. Hadde filmkveld med gutta boys fredag den 13.  køyrte tube for siste gang dette året med Kenneth og Benedicte! Bada litt etter ein kamp (haha, bada med fotballsokkar!) Og eg og Conni fekk det for oss at me skulle ha photoshoot.. I ein stige! Dette var ein fin månad! ♥



























September:

September trur eg var den beste månaden dette året! Me tok turen til Tyrkia igjen! Og denne gangen fekk eg ha med CONNI! Me reiste saman med dei, og eg hadde ein super tur!! Me budde på eit utruleg bra hotell, me var på mange morsomme restaurangar, me var oppe og såg på borga, me bada masse, me var på discoo! og eg sang karaoke på diskoet (!!) saman med Renate og Jeanette! Haha, så flaut! Men så morosamt!, me reiste på photoshoot med ekte forograf og greier, me handla masse! Og på den eine butikken hadde dei små, søte kattungar! Eg og Conni kjøpte oss kvar sitt fine smykke som me hadde på heimvegen! Og turen var berre perfekt ♥































































Tyrkia var ikkje det einaste som skjedde denne månaden! Eg og søstra hadde også photoshoot med kattane!


















Oktober:

Dette var ein fin månad. Vèret var strålande! Sjølv om det var ganske kaldt ute.. Eg og Martin hadde ein skikkeleg koseleg dag saman. Me gjekk opp på senteret, kjøpte oss is før me reiste opp på bana for å ta nokre bilder.






Denne månaden hadde eg også outfit på bloggen, og eg bake muffins med sjokoladebitar i !! ♥












Og såå var eg litt med Benedicte! Me hadde det kjekt saman. Og me tok litt bilder. Eg med smukken, sjølvsagt ♥








Og igjen eit outfit, og bilder med katten ;







Så heldig som eg var, så fekk eg gå modell på eit moteshow i Sogndal! Nokre av kledna eg gjekk meg har eg no kjøpt, eg likte outfit'ane veldig godt!!







No er eg trøytt, etter ei fin nyttårsfeiring. november og desember kjem i morgon!

 




 

Les mer i arkivet » September 2015 » August 2015 » Juni 2014
hits