Tiden flyr

Kor i alle dagar har det blitt av den siste veka? Tiden har virkelig berre sust forbi meg sidan onsdag. På onsdag var eg dårlig så eg bestemte meg for å ta ein powenap. Det endte altså opp med at eg sovna klokka 18:00 og våkna 09:30 neste dag. Kor sjukt er ikkje det? Reiste på skulen til klokka var elve ca. og når skuledagen var slutt føltes det ut som om eg ikkje hadde hatt blund på auga den natta. Haha, var ganske forvirra den dagen, ja!

På fredag var eg mykje bedre og reiste til Gol for å vere med Ingrid og familien på hytta! Det var iskaldt å komme opp dit, men fy for ei koseleg hytte. På lørdagen tok me oss ein "liten" langrenns-tur på 15 km, og gjett om vi var slitne og utmatta når me kom heim. Søndagen gjekk til film, eting og å slappe av før vi tok turen heim! So nå sitter eg her da på skulen, og lurer på kor dei siste døgna har blitt av. Det har gått så himla fort! 

Om berre seks dagar reiser eg til Spania, og eg gleder meg sånn! Det blir så deilig å slappe av i varmen ei veke og komme seg litt vekk frå kalde Norge.  



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

legg meg til som venn

Hei! Jeg heter Sandra og kommer fra en liten bygd på vestlandet som heter Sogndal. For tiden bor jeg i den vakre byen Trondheim, og trives utrolig godt med det! Dette er min helt vanlige blogg om mitt helt vanlige liv, håper du liker den! :-)


Kontakt


sandra.laerum@live.no


Kategorier



Arkiv




gratisdesign av Tonjemt
hits